Hamnereglar

Hamnereglar

 

 

H A M N E R E G L A R  2018

                                                                                                           

1      HAMNA

Kvart medlem er ansvarleg for at hamna er ryddig, og pliktar å sjå etter at båten flyt og er rett fortøyd. Alle skal rydda opp etter seg.

Medlemmer som eig båtplass kan leiga plassen ut til medlem, utleigaren er ansvarleg for at leigetakar er medlem i båtlaget. Dei som leiger plass har samme ansvar/plikter som ein som er eigar.  Utleigar skal fylla ut skjema for utleige og få utleiga godkjent av hamnesjefen.

 

2  BRYGGER OG UTRIGGARAR

Medlemmer kan ikkje flytta utriggarar. Det skal handsamast av styret.

Båtplasseigaren har plikt til å halda flyteelementa sine reine og må melda frå om det er noko gale.

Det skal ikkje liggja fiskereiskap eller anna utstyr/rot på brygger eller utriggarar.

Det er ikkje lov å kasta fiskeavfall i hamna eller i og utanfor moloen.

 

3  FORTØYNINGAR

Fortøyningane skal væra stramme for å minska belastninga på utriggarar, og skal utstyrast med gummidemparar. Om ikkje dette er gjort etter ei åtvaring kan hamnesjef/vedlikeholdsleiar utføra dette på eigaren si rekning. Lause tau som ikkje er i bruk skal fjernast frå utriggarane.

 

4 SJØSETTINGSRAMPE

Tar sikte på å ha denne ferdigstilt  til båtsesongen 2018.

 

5 SLIPP

Tar sikte på å ha denne ferdigstilt til båtsesongen 2019.

 

6  ELEKTRISK  ANLEGG 

Båtlaget har kjøpt og montert straummålar til kvart straumuttak. Medlemmer som vil ha eige straumuttak får tildelt bokstav og nummer på straumkontakten.

Eigaren bør lesa av målaren minst to gonger i året for å sikra seg at målaren er i orden. Mistanke om feil må meldast til hamnesjef.

Straummålar på bryggjene vert avlesen 1.06. og 01.12. kvart år  (målaravlesinga vert fakturert båtplasseigar).

Offentlege krav fører mellom anna til at alle må ha landstraumkabel med fylgjande spesifikasjon: HO7RN-F  750V   3X2,5 mm2 (Ekstra sterk verkstadkabel) eller tilsvarande godkjend kvalitet. (kontakt elektrikar for tips). Kablane skal vera i ei lengd. Max 10 meter leidning til kvar båt. Det er ikkje lov å ha to skøytekontaktar etter kvarandre. Ikkje godkjende kablar kan verta fjerna av hamneleiinga.

7 PARKERING

Medlemer har fri parkering i samband med bruk av båtplassen.  Det er ikkje tillate med langtidsparkering av hengjar.

8       NAUST

Naustet er endå ikkje bygd, sannsynlegvis ikkje klar før sommaren 2019.

 

Endra 23.02.2018

 

HAMNESJEF

Steinar Dahle