Framdrift 2017/18/19/20

Framdrift 2017/18/19/20

Tidsplan på arbeid som er utført i 2017/18 og skal utførast i 2019 og eventuelt overførast til 2020

2019

Bygga brygge framføre naust. 2020?

Grunnmur naust. 2020?

Råbygg naust. 2020?

Har utført (16.02) peling av stolp i framkant av betong mur for å laga til brygge på eit lågare nivå der ein får kledd betongmur med treverk.

Klar til bygging av brygge. Utført

Brygga framføre betong mur. fullført april/mai

Fullføra sjøsettingsrampe med steinmur mot vest og nord. Mur er fullført

Få ned septiktank. Utført september – november

2018

Ferdigjustera eksisterande båtplassar med rett nummer innan 1. april 2018 Utført

Pumpehus for vatn ferdig innan 1. juni 2018 Utført

Sjøsettingsrampe ferdig til båtsesongen 2018 Utført

Slipp ferdig til båtsesongen 2019 Denne løysinga utgår, bruk av ledig vogn

Status juni 2017.

I dag, 13. juni, vart L-elementa heiste på plass. No skal ein ta til å fylla bak elementa og få på plass røyr til straum, vatn m.m. og grusa parkeringsplass.

Prosjektleiar frå Marina Solution kjem på synfaring onsdag 21. juni, då skal mykje av utriggar og fortøying til bryggene allereie vera levert på kai i Granvin. Dette vert skrudd saman på NSB kai.
Oppstart på montering i sjø startar veke 26.
Sjølve bryggene vert oppspent i Etne og slept til Granvin, det vert totalt ca.180m med brygger.
Me er i rute og viss alt går etter planen framover kan ein ta i bruk anlegget 1. juli.

Det finnes enno nokre ledige båtplassar.

Anleggstart vart 2. september 2016.

Denne helga vart det rydda skog og laga anleggsveg ned til sjøen. No har ein fått bårt og skote alt fjell og rydda i salva.