Månad: juni 2017

Fredag 16. juni

Fredag 16. juni

Full fart med 2 gravemaskiner i arbeid + bakkemannskap. Det har vorte utført mykje godt arbeid fram til og med fredag, men helga er enno ikkje over!

Det vart køyrt vekk steinmassar, ikkje minder enn 31 lastebillass + 4 traktorlass til tomta til Svein Helge Pedersen sitt bygg. Dette vert i overkant av 300km3 stein. I tillegg vart det køyrt mykje til Seim.

Røyret til infrastruktur og overvatn lagt ned. Mur i austre ende av L-element vart ferdig. Veg fram til Pedersen sitt naust er klar. Fundament til lys er montert, her er det plan å få samanhengande lys heile vegen fram til hamna.

Godt jobba!!!
Snart er me klar til fortøying av båt!!

God dugnadsinnsats

God dugnadsinnsats

8. juni vart siste støyp før montering av L-elementa. Mykje folk møtte opp. Takk for flott innsats på dugnadar, og spesielt ein takk til ungdomen som møter opp!
Hans Jakob