Månad: april 2017

Dagens dugnad

Dagens dugnad

I dag har me lagt ned trekkerøyr til installasjonane til nabohus der det skal installerast ny kollektorsløyfe. Det skal også monterast ein trekke/koplingskum oppe med muren i hamna. Har òg fått med oss røyr for bekk ut i sjø. Det er no snart klart til å få støypt dragar og plate for L-element i front på kai. Trur dette arbeidet startar neste helg (5-7 mai).

Kjem tilbake med ny informasjon.

Helsing
Hans Jakob

Dugnad 8. april

Dugnad 8. april

I går, 8.april, vart det utført eit godt arbeid i hamna. Øystein Selheim har bora siste røyret av totalt 8, lengdene på røyra vart frå 6 m til 24 m og frå 1-2 m ned i fjell. No er røyra gyst og plate på toppen er montert. Skal no få prosjektert betongplate og laga armeringsteikning, då er det å setja i gang med forskaling og armering. Granvin Båtlag må få takka alle som stilte opp på dugnad denne dagen. Utan slik innsats får me ikkje da til. Detta e me flinke til i Granvin. Dugnadsfest vert da!!
Ser fram til å få ta anlegget i bruk til sommaren då anlegget i sjø skal monterast før 1.juli 2017.

Spunting

Spunting

I dag, 5.april 2017, starta Øystein Selheim boring av spunterøyr i front av kai for å stabilisera massar. Røyra vert bora ned minimum 1m i fjell, skal fyllast med zinkbolt eller liknande masse og får ei trykkplate i stål på enden/topp på 30mm. Når dette er utført skal ein byggja vidare på desse røyra. Kvart røyr toler eit trykk på 145 tonn ved koresjon på 2mm.