År: 2017

Spunting

Spunting

I dag, 5.april 2017, starta Øystein Selheim boring av spunterøyr i front av kai for å stabilisera massar. Røyra vert bora ned minimum 1m i fjell, skal fyllast med zinkbolt eller liknande masse og får ei trykkplate i stål på enden/topp på 30mm. Når dette er utført skal ein byggja vidare på desse røyra. Kvart røyr toler eit trykk på 145 tonn ved koresjon på 2mm.

Fiskelukke

Fiskelukke

De kan sjå fram til å få båten i hamna; her er gårsdagens fangst! Det var sei, torsk, flyndre, hyse, hysing, pigghå og lyr. – Med andre ord litt av kvart, og mykje god mat! Dei største seiane vog 7-8 kg.


Dette var spanande for Vilde òg!

Status frå byggjeplass

Status frå byggjeplass

På fredag var det to gravemaskiner i drift, då ein arbeidde med å få muren ferdig opp til Hamrevegen. På laurdag vart det murt ved parkeringsplassen.

Kjekt å sjå at det stadig går på fram!

Årsmøte

Årsmøte

Minner om årsmøte fredag 17. februar kl. 19.00 på Jaunsen.

Arbeidet i hamna går som forventa, og bryggeanlegget er planlagt levert og montert til sommarferien.

For at bryggjeleverandøren skal få levert anlegget før sommarferien må me underteikna kontrakten  i nær framtid.

For dei som enno ikkje har bestilt båtplass hastar det dersom ein ynskjer å ha båt i hamna i sommar.

Faktura for bestilt båtplass blir sendt ut straks etter årsmøtet.

Styret har bestemt at ein kan kjøpa ned til heile 10 cm (t.d. 3,6 m i staden for 4,0 m  som neste mål, dersom ein berre treng 3,6 m.)

Faktura for årsavgift blir sendt ut etter at årsmøte har fastsett summen.

For eventuelle spørsmål/bestilling av båtplass; kontakt underteikna.

MVH

Arne M. Kjerland

Leiar

TLF 90655352

Statusoppdatering 11. februar

Statusoppdatering 11. februar

Den faste gjengen er på plass og køyrer stein frå Såkvitne. Ein er no i godt gjenge med muring av mur lang parkeringsplass og oversida av veg ned til hamna. Det er gjort grunnboring for å finna lengda ned til fast fjell der kaifronten kjem. Røyr er bestilt frå Finland og vert bort ned i fjellet når dei kjem.