Referanse hjå Marina Solutions
Klikk på linken for å lesa Marina Solutions sin referanse på småbåthamna:
https://www.marinasolutions.no/referanser/granvin-hordaland
Klikk på linken for å lesa Marina Solutions sin referanse på småbåthamna:
https://www.marinasolutions.no/referanser/granvin-hordaland
Full fart med 2 gravemaskiner i arbeid + bakkemannskap. Det har vorte utført mykje godt arbeid fram til og med fredag, men helga er enno ikkje over!
Det vart køyrt vekk steinmassar, ikkje minder enn 31 lastebillass + 4 traktorlass til tomta til Svein Helge Pedersen sitt bygg. Dette vert i overkant av 300km3 stein. I tillegg vart det køyrt mykje til Seim.
Røyret til infrastruktur og overvatn lagt ned. Mur i austre ende av L-element vart ferdig. Veg fram til Pedersen sitt naust er klar. Fundament til lys er montert, her er det plan å få samanhengande lys heile vegen fram til hamna.
Godt jobba!!!
Snart er me klar til fortøying av båt!!
![]()
8. juni vart siste støyp før montering av L-elementa. Mykje folk møtte opp. Takk for flott innsats på dugnadar, og spesielt ein takk til ungdomen som møter opp!
Hans Jakob
![]()
24. mai fekk ein utført mykje med kaifronten. Nesten ferdig med armeringa av sjølve dragaren i front.
Tar ei økt på fredag og prøver å få forskalinga på plass i løpet av helga. Satsar på støyping i neste veke.

Søndag 30. april vart det montert kumme for trekkerøyr. Ved røyra til venstre for kum, skal det monterast kumme for overvatn med rist på.
![]()
I dag har me lagt ned trekkerøyr til installasjonane til nabohus der det skal installerast ny kollektorsløyfe. Det skal også monterast ein trekke/koplingskum oppe med muren i hamna. Har òg fått med oss røyr for bekk ut i sjø. Det er no snart klart til å få støypt dragar og plate for L-element i front på kai. Trur dette arbeidet startar neste helg (5-7 mai).

Kjem tilbake med ny informasjon.
Helsing
Hans Jakob
I går, 8.april, vart det utført eit godt arbeid i hamna. Øystein Selheim har bora siste røyret av totalt 8, lengdene på røyra vart frå 6 m til 24 m og frå 1-2 m ned i fjell. No er røyra gyst og plate på toppen er montert. Skal no få prosjektert betongplate og laga armeringsteikning, då er det å setja i gang med forskaling og armering. Granvin Båtlag må få takka alle som stilte opp på dugnad denne dagen. Utan slik innsats får me ikkje da til. Detta e me flinke til i Granvin. Dugnadsfest vert da!!
Ser fram til å få ta anlegget i bruk til sommaren då anlegget i sjø skal monterast før 1.juli 2017.
