Kategori: Nyheiter

Status frå byggjeplass

Status frå byggjeplass

På fredag var det to gravemaskiner i drift, då ein arbeidde med å få muren ferdig opp til Hamrevegen. På laurdag vart det murt ved parkeringsplassen.

Kjekt å sjå at det stadig går på fram!

Årsmøte

Årsmøte

Minner om årsmøte fredag 17. februar kl. 19.00 på Jaunsen.

Arbeidet i hamna går som forventa, og bryggeanlegget er planlagt levert og montert til sommarferien.

For at bryggjeleverandøren skal få levert anlegget før sommarferien må me underteikna kontrakten  i nær framtid.

For dei som enno ikkje har bestilt båtplass hastar det dersom ein ynskjer å ha båt i hamna i sommar.

Faktura for bestilt båtplass blir sendt ut straks etter årsmøtet.

Styret har bestemt at ein kan kjøpa ned til heile 10 cm (t.d. 3,6 m i staden for 4,0 m  som neste mål, dersom ein berre treng 3,6 m.)

Faktura for årsavgift blir sendt ut etter at årsmøte har fastsett summen.

For eventuelle spørsmål/bestilling av båtplass; kontakt underteikna.

MVH

Arne M. Kjerland

Leiar

TLF 90655352

Statusoppdatering 11. februar

Statusoppdatering 11. februar

Den faste gjengen er på plass og køyrer stein frå Såkvitne. Ein er no i godt gjenge med muring av mur lang parkeringsplass og oversida av veg ned til hamna. Det er gjort grunnboring for å finna lengda ned til fast fjell der kaifronten kjem. Røyr er bestilt frå Finland og vert bort ned i fjellet når dei kjem.

 

Framdrift med hamna

Framdrift med hamna

I dag, 9. desember, er 2 lastebilar, 1 traktor med hengar + gravemaskin i gang med å transportera vekk storstein som vert køyrt opp til NVE i Hyrpo.
Andre massar vert køyrt til Seim/Spildo for knusing. Som de ser av nye foto er muren frå Hamrevegn og ned til hamna ferdig.

No skal det klargjerast for stikkrenne og muring i bakkant parkeringsplass og vegen ned til hamna. All muring vert utført med naturstein frå Granvin. Arbeidet med kaifront går etter planen.

No byrjar det å ta form!

Oreigningssaka

Oreigningssaka

Måndag 17. og tysdag 18. oktober vart det gjennomført oreigningssak mellom Granvin herad og grunneigarane på Røynstrand . Båtlaget sin leiar stilte som vitne i saka og orienterte om kostnadane med båthamna. Me i båtlaget beklagar at partane ikkje klarde å få til ein frivillig avtale.

For oss betyr det at dei midlane me har avsett til avbøtande tiltak i lokalmiljøet på Røynstrand, slik som for eksempel asfaltering, no går med til advokathonorar. Tidspunkt for dom i saka er ikkje avklart.

Oreigningssaka påvirkar ikkje framdrifta med båthamna.

Velkommen til Granvin Båtlag si heimeside

Velkommen til Granvin Båtlag si heimeside

Etter 6 års planarbeid er me no endeleg i gang med byggjing av småbåthamn. Planen er at landanlegget skal stå ferdig i løpet av vinteren og at heile anlegget skal stå klart til båtsesongen 2017.

No i første del av anleggsarbeidet er det mest maskinkjyndige som arbeider, men seinare treng me dugnadsinnsats av fleire. Dette vil verta lagt ut på heimesida etter kvart.

Båtlaget takkar alle som har støtta prosjektet. Spesiell takk til dei eldsjelene som aldri har mist motet og stått på med både arbeid og midlar.

På heimesida vår finn du mellom anna vedtekter for laget, innmeldingsskjema video og animasjon over hamneområdet og mykje anna. I tillegg er det ei nyheitsside som me prøver å halda oppdatert.

Me ynskjer alle våre medlemer og andre velkomne til å koma med innspel og forslag til heimesida.